Ein mann i 40-åra kan venta seg opp mot ti års fengselstraff etter at han blei stoppa i Os, med store mengder amfetamin i bilen. (Illustrasjonsfoto)
Ein mann i 40-åra kan venta seg opp mot ti års fengselstraff etter at han blei stoppa i Os, med store mengder amfetamin i bilen. (Illustrasjonsfoto)

40-åring fengsla etter amfetaminbeslag

Ein mann i 40-åra sit fengsla etter at han tysdag vart stoppa av politiet i Os, med store mengder narkotika i bilen

Mannen var førar av bilen og åleine då han blei stoppa i Os tysdag 30. august.

Det vart gjort funn av det politiet reknar med er amfetamin i bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var så mykje at det sorterer under grov narkotikaovertredelse, etter straffelovas paragraf 232, fortel Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskotor, og utdjupar:

- Det vil seia ei strafferamme med fengsel på opptil ti år.

Mannen sit no fengsla. Han er ikkje heimehøyrande i Os.

- Blei han stoppa på grunn av mistanke eller tips?

- Eg kan ikkje uttala meg meir om saka, seier Hadler-Olsen.