Politi: Her frå ein tidlegare kontroll.

43 bilførarar kontrollerte på Storestraumen

Politiet gjennomførte promillekontroll laurdag morgon.

Mellom klokka 08.00 og 09.30 vart det gjennomført promillekontroll langs E39 på Storestraumen på Søfteland.

43 førarar vart kontrollerte, med null utslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Feststøy

I halv tolv-tida på kvelden fekk politiet melding om feststøy kl 23.30 frå ei privat adresse utanfor Os sentrum.

Klokka halv to natt til søndag gav politiet festdeltakarane eit pålegg om å dempa støyen. Noko festdeltakarane skal ha etterkome.