Deltakar: Kommunen opplyser at eleven ved Os ungdomsskule som er smitta, var deltakar på Ung Arena sist onsdag.

57 i karantene etter å ha delteke på Ung Arena

I samband med smittetilfellet på Os ungdomsskule, er 48 ungdomar og ni vaksne frivillige som deltok på Ung Arena onsdag, i karantene.

Kommunen opplyser at eleven ved Os ungdomsskule som er smitta, var deltakar på Ung Arena denne dagen.

Les også
– Eleven har gjort alt rett. Slik vert foreldre og skule følgde opp

– Alle dei andre deltakarane er å rekna som nærkontaktar, og må gå i karantene frå i dag og til og med 14. november. Nærkontaktar vil bli testa. Dei fleste av ungdomane er allereie i karantene fordi dei går på 8. trinn ved Os ungdomsskule saman med den smitta eleven, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ung Arena Bjørnafjorden skal ha registrert alle som var til stades på det aktuelle tidspunktet. Alle nærkontaktar har fått beskjed, og vil få meir informasjon og rettleiing frå helsepersonell i kommunen i løpet av kvelden eller i morgon, tysdag. Det melder kommunen på sine heimesider.