Meir rettleiing: Helsepersonell frå kommunen vil ringja dei føresette til elevane på 8. trinn og dei aktuelle lærarane for å gi meir informasjon og rettleiing i løpet av kvelden og morgondagen.

– Eleven har gjort alt rett. Slik vert foreldre og skule følgde opp

- Eleven gjekk sjølv i karantene då vedkomande fekk symptom, og har gjort alt rett, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Ein elev på 8. trinn ved Os ungdomsskule har fått påvist covid-19. Som følgje av dette må alle dei 137 elevane og nokre av lærarane på 8. trinn i karantene for å hindre potensiell smitte. Alle nærkontaktar er varsla.

Les også
Elev på 8. trinn har fått påvist covid-19. Elevar og lærarar i karantene

- Eleven gjekk sjølv i karantene då vedkomande fekk symptom, og har gjort alt rett, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale til kommunen sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen og elevane blir følgde opp

Kommunen og rektor ved Os ungdomsskule følgjer opp den smitta eleven, elevane på trinnet og dei tilsette, opplyser kommunen.

Helsepersonell frå kommunen vil ringja dei føresette til elevane på 8. trinn og dei aktuelle lærarane for å gi meir informasjon og rettleiing i løpet av kvelden og morgondagen.

– Det er ikkje sikkert alle elevane på trinnet har hatt nærkontakt med den smitta, men alle elevane må uansett halde seg i karantene til dette er avklart. Alle nærkontaktar vil bli testa for covid-19, vert det opplyst.

Karantenen gjeld berre for elevane, ikkje dei andre i husstanden. Elevane vil få heimeundervisning medan dei er i karantene.

Som vanleg: Dei andre elevane kan gå på skulen som vanleg, opplyser rektor Kjersti Elde Wolden.

Andre elevar kan gå på skulen som vanleg

- Det er ingen grunn til å tru at elevar eller tilsette på dei andre trinna ved Os ungdomsskule har vore utsette for smitte i dette tilfellet. Alle vi andre skal difor gå på skulen som vanleg i morgon, seier rektor ved Os ungdomsskule, Kjersti Elde Wolden.