Straumbrot: Strøno har vore hardt råka i stormen.

83 husstandar utan straum i Strøno

BKK melder at straumen kan ventast tilbake innan klokka 12 i dag, søndag.

I fylgje straumkartet til BKK er fleire enn 2.500 husstandar i Vestland fylke utan straum etter den kraftige stormen i går kveld og i natt.

Den har skapt mange feil i strømnettet til BKK Nett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tre og stolpar har falt over ende og skada strømnettet, sa BKKs pressevakt Per Ove Henriksen til BT søndag.

Ein av dei berørte områda er Strøno der 83 husstandar framleis er utan straum søndag morgon.

Også i går ettermiddag var straumen borte i Strøno etter at ei tre fall ned på ei linje i nærleiken. 221 kundar mista då straumen.

BKK dreiv feilretting gjennom gårsdagen og utover natta med 85 personar ute på jobb, men gav seg litt etter midnatt av omsyn til tryggleiken for dei tilsette.

— Det er så krevande vêrforhold at feilretting i mange tilfelle må venta til vinden løyer av omsyn til tryggleiken til våre mannskap. Ein del av kundane som har blitt straumlause i kveld og natt må difor ta høgde for at dei kan bli utan straum til søndag formiddag, var meldinga på BKKs heimeside

Feilrettingsarbeidet starta opp att søndag kl 7.