Christoffer Kobbeltvedt og Ole Andreas Pettersen står bak initiativet til å samla inn klede og utstyr til Karamba. Her saman med Elisabeth Nedrelid i Os Turn og Øyvind Skogesal i Søre Neset Idrettslag.
Christoffer Kobbeltvedt og Ole Andreas Pettersen står bak initiativet til å samla inn klede og utstyr til Karamba. Her saman med Elisabeth Nedrelid i Os Turn og Øyvind Skogesal i Søre Neset Idrettslag.

Ai Karanba, for ein innsamlingsaksjon!

Då Jadakameratane starta samla inn klede og utstyr til den frivillige organisajonen Karanba, var målet å fylla ein container. Det ser ikkje ut til å bli noko problem.

– Ole Andreas Pettersen og eg snakka saman og fann ut at vi skulle gjera noko fornuftig med kleda til idrettslaget no som vi har skifta leverandør. Det er for dumt å kasta fullt brukandes utstyr og klede. Det finst mange veldedige organisasjonar ein kan støtta, men valet fall på Karanba for oss, seier Christoffer Kobbeltvedt.

Dei to frå Jadakameratane idrettslag sparka ballen vidare. Først til Os, og så alle dei andre idrettslaga i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Os Turn kasta seg umiddelbart på. Det å få med den største klubben i bygda var viktig. Søre Neset kom kjapt på banen og leverte utstyr i dag. Søfteland og fleire andre klubbar er i gang, seier Kobbeltvedt. Tysdag og i dag torsdag, har dei teke i mot klede på Kuventræ, som har vore base for innsamlinga så langt. Den første dagen fekk dei mellom anna over 100 par fotballsko, og fleire esker med klede.

{{imageLeft}}

Då Os og Fusaposten tok turen innom torsdag ettermiddag, kom ein representant frå Os handball med sju eske fylde med trenigsklede.

Over hundre par sko fekk dei inn på første dagen av innsamlingsaksjonen.
Over hundre par sko fekk dei inn på første dagen av innsamlingsaksjonen.
Dei lokale idrettslaga har melde seg på aksjonen. Det har også fleire lag i Hordaland, samt leverandøren Macron. Dette er langt frå alt som kjem inn til lageret i den gamle brannstasjonen i desse dagar.
Dei lokale idrettslaga har melde seg på aksjonen. Det har også fleire lag i Hordaland, samt leverandøren Macron. Dette er langt frå alt som kjem inn til lageret i den gamle brannstasjonen i desse dagar.

– Vi har fått lov av kommunen å nytta den gamle brannstasjonen som lager fram til vi kan senda kleda og utstyret med container, seier Kobbeltvedt.

Minstekravet for å senda ein container er at han må vera 20 fot. Det ser ikkje ut til å bli eit problem å fylla ein slik om folk held fram med å donera.

– Vi kan ikkje få for mykje. Om problemet er at vi får inn for mykje så er det eit realt luksusproblem, seier Kobbeltvedt.

Mange meldar seg på

Aksjonen har ikkje berre spreia seg til lokale lag. Kobbeltvedt fortel at han til dagen er i kontakt med om lag 100 personer angående aksjonen.

– Det er 15 lag i Hordaland som har melde seg på. Mellom anna Brann støttar aksjonen. Elles har klubbar som Minde, som også har skifta leverandør, også slutta seg til innsamlingsaksjonen, fortel Pettersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Endre Brenne har sendt ut melding til alle medlemmene i idrettslaget, så eg reknar med at vi får inn ein heil del i dag, seier Kobbeltvedt.

– Kor lenge skal de halda på å samla inn?

– Det er litt uklart. Vegen blir litt til mens vi går. Men eg tenkjer at så fort vi har fylt ein container, så må vi prøva å få sendt han avgårde. Det er vanskeleg å halda ein slik aksjon dagsaktuell, så vi får køyra på no mens det er aktuelt. Det er veldig mange som har fått øyra opp for prosjektet, og mange er veldig engasjerte. Det er kjempekjekt, seier Kobbeltvedt.

Treng fleire frivillige

Mange engasjerer seg, men ekstra kjekt er det å sjå at idrettslaga i Os går saman om eit slikt prosjekt, meiner dei frivillige bak prosjeket.

No håpar dei at fleire frivillige vil melda seg for å hjelpa til.

- Det vil nok balla på seg med behov for frivillige i form av koordinering, innsamling, sortering og pakking. Det er også ein stor utfordring når det kjem til å senda containeren. Det er visst ikkje heilt fram grunn tollreglar, uskrivne reglar og lobbyverksemd. Men det problemet løysar vi når vi kjem så langt, seier Kobbeltvedt.

Jadakameratene har teke på seg ansvaret med å samla inn klede frå ulike idrettslag.

– Vi skal henta mykje klede i morgon. Det blir nokre turar til Askøy, Minde og mange andre stader i Hordaland, seier Kobbeltvedt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pettersen legg til at også deira nye leverandør, Macron, har meldt seg på aksjonen, og at dei håpar at fleire store aktører gjer det same.

Link til aksjonen på Facebook-gruppa:Innsamling til Karanba.

Om Karanba:

Karanba er ein frivillig drifta organisasjon med hovudbase i ein av dei fattigste bydelane i Rio, São Gonçalo, med om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Gjennom ti års arbeid har Karanba utvikla skoue/utdanningstilbod, yrkesopplæring og arbeidsformidling i bydelen, med fotball som utgangspunkt.

Les meir om Karanba påKaranba.com