
Aldri før har så mange valt yrkesfag
Det er i alt 21.301 registrerte søkjarar med ungdomsrett frå Vestland fylke til dei vidaregåande skulane. Det er ein auke frå i fjor, då søkjartalet var 20.696.
Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 3. mars. Aldri før har så mange valt yrkesfag som sitt primærønske på vg1. Det opplyser fylkeskommunen i ei sak på sine heimesider.
Her går det fram at 60,3 prosent av ungdomane som søkte skuleplass på vg1 har i år yrkesfagleg utdanningsprogram som sitt primærønske. Dette er ein auke frå i fjor då talet var 58,4. I inntaksområdet stor-Bergen har 54 prosent av ungdomane yrkesfag som sitt primærønske.
- Det yrkesfaglege utdanningsprogrammet som opplever prosentvis størst auke i primærsøkarar til vg1 er frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Helse- og oppvekstfag og teknologi og industrifag har størst auke i tal på søkjarar. Utdanningsprogrammet elektro og datateknologi har i år ei nedgang tal på søkjarar, opplyser fylkeskommunen.
Av dei studieførebuande utdanningsprogramma det er størst nedgang av primærsøkjarar til er studiespesialiserande og idrettsfag. Det studieførebuande utdanningsprogrammet som har størst auke i søkjarar er musikk, dans og drama.
Det er i alt 2.913 som no søkjer læreplass i Vestland fylke. 2.419 av desse søkarane har ungdomsrett, ifølgje tala frå fylket.
Dette er ein auke frå i fjor, då tala for dei med ungdomsrett var 2.394 og totalt søkarar til læreplass var 2.869.
Plan for inntak
- 8. juli: første inntak.
- 15. juli: svarfrist første inntak.
- 23. juli: andre inntak.
- 30. juli: svarfrist andre inntak.
- 11. august: tredje inntak.