Vegard Strønen meiner at sokneprest i Fusa, Einar Ekerhovd, indirekte seier at homofile er mindre verdt enn hetrofile, ved at han vil reservera seg mot å via likekjønna.
Vegard Strønen meiner at sokneprest i Fusa, Einar Ekerhovd, indirekte seier at homofile er mindre verdt enn hetrofile, ved at han vil reservera seg mot å via likekjønna.

- Alle menneske er like mykje verdt

Osingen Vegard Strønen reagerer på at sokneprest i Fusa, Einar Ekerhovd, går ut og seier at han vil reservera seg mot å via likekjønna. - Det høyrer ikkje heime å nekta likekjønna ekteskap i 2017, seier Strønen.

Frå og med 1. februar kan likekjønna gifte seg i norske kyrkjer. På Kyrkjemøtet i Trondheim måndag føremiddag, blei det vedteke ein ny vigselsliturgi for likekjønna par. Sokneprest i Fusa, Einar Ekerhovd,er ikkje begeistra.

- Det finst ikkje bibelsk fundament for å via likekjønna, seier Ekerhovd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan ikkje ta bibelen bokstavleg

Etter å ha lese meiningane til Ekerhovd i denne saka, bestemte Strønen seg for å kommentera saka i kommentarfeltet på Facebook:

" Vanskelig å skille sak og person når dette er din personlige mening. At du som person skal nekte likekjønnede ekteskap, sier noe om deg som person og ikke om "saken" du mener du står for. Dersom man skal ta alt som står i Bibelen bokstavelig må vi ta tilbake kvinneundertrykkelse, diskriminering, barnedrap, steining og slaver for å nevne noe. Dette er ord man ikke lenger tar bokstavelig fordi det ikke hører hjemme i vårt samfunn. Det hører heller ikke hjemme å nekte likekjønnede ekteskap i 2017".

- Ein er knytta til heimbygda

- Kva var det mest som fekk deg til å reagera?

Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, står fast på at han vil reservera seg mot å via likekjønna.
Sokneprest i Fusa kommune, Einar Ekerhovd, står fast på at han vil reservera seg mot å via likekjønna.

- Om han har ei meining, så må han få ha det, men i den posisjonen han har, så får det konsekvensar for dei på Fusa som ønskjer likekjønna ekteskap, seier Strønen.

- Er det ikkje berre for homofile i Fusa til å gifta seg andre stader?

- Nei, i grunn ikkje. Eg skal sjølv gifta meg til sommaren. For frua og meg er det viktig å kunna gifta seg i Os kyrkje. Eg reknar med at fusingar har dei same haldningane til si kyrkje. Ein er knytta til heimbygda si, seier Strønen.

- Homofile er ikkje mindre verdt

Osingen har ikkje for vane å uttala seg i sosiale medium, men Ekerhovds meiningar trefte ei nerve i han.

- Ved å seia det han seier, så seier han at dei av mine homofile vener som ønskjer å gifta seg, er mindre verdt for kyrkja. Det treffer ein når nokon har slike meiningar. Det er ikkje rett. Homofile er ikkje mindre verdt enn andre, seier Strønen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik Strønen ser det, er ein ikkje skikka til å vera prest med slike standpunkt.

- Slik eg er lært opp og har fått forståing for den kristne trua, så er alle menneske like mykje verdt. Homofile høyrer heime i kyrkja dei også. Alle skal få lov til å utfalda sin kjærleik, seier Strønen.

Dømmer ikkje folk ut frå legning

Einar Ekerhovd fortel at hans synspunkt ikkje har noko med verdi å gjera.

- Eg har aldri sagt at homofile er mindre verdt enn andre. Dette er eit velkjent argument brukt mot oss som er mot likekjønna ekteskap. Det handlar ikkje om det. Det finst prestar som ikkje ønskjer å gifta folk som har vore skilt også. Det er nokre handlingar som i følgje bibelen ikkje er rett. Det har ikkje noko med menneskeverd å gjera. Vi er alle skapt i guds bilete. Ein mordar er like mykje verdt som meg, seier Ekerhovd.

Soknepresten seier at han ikkje dømmer folk ut frå legning.

- Homofile hadde partnarskapslova tidlegare. Dei hadde rett på alt samfunnsmessig som ektefellar, bort sett frå ein ting. Dei hadde ikkje rett på born. Det får dei ved ekteskap. Mor-far-born-forholdet blir viska ut. Om ei mor får ei medmor, så er ikkje far inne i biletet. Eit barn må ha ein far. Det er nokon som gir sæd til ein fødsel. Det er faren. Ordninga mellom mann og kvinne gjer at slekta går vidare. Det skjer ikkje ved likekjønna ekteskap.

- Bibelen er dønn ærleg

- Kva seier du til Strønens innspel om at viss ein skal ta alt i bibelen bokstavleg, så må ein ta tilbake kvinneundertrykking, diskriminering, steining og slaveri?

- Det er feil. Då les han i bibelen ting som ikkje er aktuelt i det heile tatt. Bibelen skildrar hendingar frå historia. Bibelen er dønn ærleg, seier Ekerhovd.