Ingen smitta så langt: Tysdag og onsdag blei til saman fem personar testa for koronaviruset. Resultata viser at ingen av dei er smitta.

Alle prøver som er tatt så langt i Bjørnafjorden er negative - ventar på svar på to nye prøver

Ingen av dei fem som sat i heimekarantene, fekk påvist koronaviruset. Ytterlegare to er testa og isolerte, enn så lenge.

Tysdag og onsdag blei til saman fem personar testa for koronaviruset. Resultata viser at ingen av dei er smitta.

– Dei fekk beskjed via fastlegen sin. Om ein prøve er positiv, kjem laboratoriet til å ta kontakt direkte med meg, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

To nye personar er testa for koronavirus 5. mars, og kommuneoverlege Klaus Melf ventar svar på prøvene i løpet av 1-2 dagar.

Personane har blitt testa heime av prøvetakingsteamet frå kommunen. Ingen er alvorleg sjuke. Melf melder at alt fungerer etter planen, og at han ventar svar på prøvene i løpet av 1-2 dagar.

Dei to personane som er testa 5. mars er relaterte til reise i område med vedvarande spreiing av viruset, og er isolerte i heimen. Alle husstandsmedlemmar er sett i heimekarantene.

– Enn så lenge er det ingen som er smitta, men det er berre eit tidsspørsmål om kva tid vi ser den første positive prøva, seier Melf.