Første dose: Om lag 1.100 friske personar over 45 år (prioriteringsgruppe 9) vil få tilbod om første vaksinedose.

– Alle som er fødde i 1975 eller før vil få tilbod neste veke

Neste veke får Bjørnafjorden kommune til saman over 1.300 vaksinedosar av Pfizer-vaksinen.

Om lag 1.100 friske personar over 45 år (prioriteringsgruppe 9) vil få tilbod om første vaksinedose.

– Alle som er fødde i 1975 eller før vil få tilbod i veke 26, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vaksinasjonsdag er onsdag 30. juni.

Tilbod om vaksine blir sendt ut på SMS fortløpande og fram til rett før vaksinasjonsstart 30. juni.

– Ver venleg å ikkje ringja vaksinetelefonen før du har fått SMS. Vi har ikkje gløymt deg - du vil få tilbod når det er din tur, er oppmodinga på kommunen sine heimesider.

I prioriteringsgruppe 9 er personar mellom 45 og 54 år utan underliggande sjukdom/tilstand. Dei eldste får tilbod først.