Ambulansesjåførane Trym jensen og Martin Horn fekk omsyning på sin nye arbeidsplass av anleggsleiar Daniel Kvammen.
Ambulansesjåførane Trym jensen og Martin Horn fekk omsyning på sin nye arbeidsplass av anleggsleiar Daniel Kvammen.

Ambulansesjåførar klare for Beredskapsbygget

Martin Horn og Trym Jensen gler seg til å bli del av det stadig meir solide fagmiljøet på Moberg.

I dag vart det feira at Ambulansestasjonen på Moberg har nådd stadiet "tett hus", og represententar frå alle fagdisiplinane som er stasjonert i Beredskapsbygget var invitert på kranselag. Ambulansestasjonen har i dag tilhald i Kolskogen, der også legevakten var før, men frå mars av er også denne å finna ved Beredskapsbygget. Det nye påbygget vert på 400 kvadratmeter, og den totale storleiken er dermed rundt 2.000 kvm.

- Ein stor fordel å vera på same stad

Ambulansesjåfør Martin Horn understreka at det er positivt for dei som ambulansesjåførar å bli del av dette fagmiljøet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Til dømes det å kunna ha felles øvingar vert lettare å gjennomføra. Og me vert betre kjende. Når det då skjer noko akutt og ein må gjenoppliva ein person er det nok med eit blikk mellom meg og ein frå brannvesenet til at me forstår kvarandre og gjer alt rett, seier Horn.

Brannvesenet er ofte med på utrykningar saman med både legevakt og ambulansetenesta.

Overnattar på Moberg

Ambulansestasjonen i Kolskogen har rundt 7 årsverk, og vanlegvis er tre personar på jobb samtidig. Den nye ambulansestasjonen inkluderer også soverom, då dei tilsette er døgnkasernerte.

Elisabeth Evanger frå prosjektavdelinga og anleggsleiar Daniel Kvammen frå entreprenør Hordaland Bygg og Eiendom.
Elisabeth Evanger frå prosjektavdelinga og anleggsleiar Daniel Kvammen frå entreprenør Hordaland Bygg og Eiendom.
Isolasjonsarbeidet pågår for fullt. Om ca 5 veker så skal alt vera klart.
Isolasjonsarbeidet pågår for fullt. Om ca 5 veker så skal alt vera klart.
Flagget til topps for tett hus på Ambulansestasjonen.
Flagget til topps for tett hus på Ambulansestasjonen.

- I helga er på me på jobb i to dagar i strekk, og treng ein plass å slappa av innimellom slaga.

- Tek de berre oppdrag i Os?

- Me er stasjonerte i Os, men bidrar når det skjer noko andre stader også etter kva som er behovet, seier kollega Trym Jensen.

Vil ha politiet opp

Under festtalane i kranselaget framheva mange fordelane ved samlokalisering av alle blålysetatane. Eit tverrpolitisk miljø har gått inn for dette, og har tilbode at politiet kan ha eige bygg på nabotomta. Dette er spelt inn i den pågåande prosessen med omorganisering av politiet, men så langt ikkje avgjort.

- Me har diskutert dette med politiet, og nokre utfordringar er det. Til dømes er det lovfesta at du skal ha rett til å oppsøkja legevakta utan å bli arrestert, fortalde brannsjef Stein Gjøsund. Han hadde likevel god tru på at utfordringane kunne løysast greitt, og politistasjonen på Moberg (dersom han kjem) vert uansett ikkje vegg-i-vegg, men altså på nabotomta like nord for Beredskapsbygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Luftambulanse?

Stein Gjøsund hadde også registert at Luftambulansen heller vil vera ein del av eit fagmiljø som det på Moberg, enn å vera plassert ved Flesland.

- Heller tre minutt ekstra flytur sørover enn å ikkje vera del av eit større fagmiljø, refererte Gjøsund representantar frå Luftambulansen.

I sin tale nemnde han også at Beredskapsbygget på Moberg stadig blir oppsøkt av andre kommunar som ønskjer å læra. Så langt 10 i talet. Dei har jamvel fått besøk frå New York brannvesen, og snart kjem ifølgje Gjøsund brannvesen frå Gibraltar.

- Me blir lagt merke til langt utanfor kommunens grenser, seier Gjøsund.