Har det gøy: Spiderman, aka Angelika Austevoll, fekk drakta i posten i dag.

Angelika (snart 10) fekk drakta i posten i dag

— Eg likar å skata og hjelpa folk, seier Angelika Austevoll (10) aka Spiderman.

Os & Fusaposten var eigentleg i Vedholmen på eit anna oppdrag, då vi utruleg nok møtte på sjølvaste Spiderman.

I det vi runda hjørnet på Bunnpris-butikken, gjekk vi rett på superhelten som sat og vagla på toppen av eit bord. Journalisten vart relativt starstruck, og greidde såvidt å stotra fram eit: «Spiderman, er du her i Øyane?»

Artikkelen held fram under annonsen.

Spiderman, også kjend som «your friendly neighbourhood Spiderman», var ikkje uventa både venleg og imøtekomande. Det einaste vi stussa på, var at han var litt lågare enn på film.

Vi skjøna likevel kvifor, då han uoppfordra drog av seg maska og openberra seg som ei jente.

Spiderman: Spiderman er medviten på HMS, og bruker sjølvsagt hjelm ved skating. Her tek likevel superhelten av hjelmen for å avsløra identiteten sin.

Klatrar i skipsmast

— Eg fekk drakta i posten i dag, fortel Angelika Austevoll (snart 10) og smiler breidt.

— Kva likar du å gjera når du er Spiderman?

— Hm, eg likar å skata og hjelpa folk. Og å klatra opp i høge ting.

— Her i Øyane er det vel ingen høghus, så då klatrar du kanskje heller i ei skipsmast?

— Ja, men i dag er eg faktisk ganske sliten. Det er ikkje så lett å klatra med desse hanskane, sukkar ho før ho smilande nikkar i retning rekkverket.

— Sjå, det spindelvevet der har eg laga, ler ho.