To båtmotorar borte: Natt til onsdag skal to påhengsmotorar ha blitt stolne frå dette kaianlegget. Den innfelte båten, som manglar motor, er Arvid Søvik sin.

Arvid brukte båten tysdag kveld. Då han kom attende i dag, var motoren borte

— Det er utruleg keisamt. Eg brukar båten ut til Lysøen kvar dag, seier Arvid Søvik.

Det er ikkje berre Søvik sin motor som er blitt stolen frå Søvikvågen i Lysefjorden i løpet av natta. Eigar av marinaen, Per-Ivar Bøe, fortel at to påhengsmotorar er stolne.

— Eg tek kontakt med dykk for å åtvara folk. Det er mogleg at det er nokon som er på «rundtur», så det er berre til å ha augo opne. Det er lenge sidan vi har opplevd noko slikt her, men eg har høyrd og lest om fleire liknande tilfelle andre stader, seier Bøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel Bøe at det blei observert ein kvit varebil på staden, og at det såg ut til at det var nokon som snoka, men at det ikkje treng å vera noko i det. Søvik trur at dei som står bak, fort kan ha kome sjøvegen.

— Dei har gått for mindre motorar, som berre er å lempa opp i båten. Vår motor veg i underkant av 50 kilo, tenkjer eg.

Borte: Denne motoren stod på båten tysdag kveld. Onsdag var han borte.

Bed folk vera merksame

Lysefjordingen var ute med båten tysdag kveld og var tilbake i marinaen i 21-tida. Då han skulle ut med båten i dag, var motoren borte.

— Det må difor ha skjedd i natt, seier han.

Søvik fortel vidare at han reknar med at verdien på motoren ligg på kring 25.000 kroner, og at han ikkje var forsikra.

Det er lagt ut eit innlegg på Facebook. Søvik bed dei som får tilbod om å kjøpa ein slik motor, om å sjekka motornummeret.

— Det er ein Yamaha 9.9 sport (kort stamme) 2020 modell. Hin-nr/ramme-nr/motor-nr 6CAK _ 1016163, skriv Søvik.