Køane stod langt i begge retningar av innkøyringa til skuleområdet på Nore Neset tysdag morgon. Det pågåande asfalteringsarbeidet skal vara ut veka.
Køane stod langt i begge retningar av innkøyringa til skuleområdet på Nore Neset tysdag morgon. Det pågåande asfalteringsarbeidet skal vara ut veka.

Asfaltering på toppen av det heile

Trafikkaoset på Nore Neset nådde nye høgder tysdag morgon. Mykje av grunnen til det er pågaåande asfaltering.

Køen stod langt i begge retningar tysdag morgon. Som Os og Fusaposten har skrive tidlegare er det stort trafikalt press i området, som omfattar barneskule, barnehage, aktivitetshus og ungdomsskule. At det no også skal leggjast ny asfalt på Skeisflaten, gjer presset ytterlegare større. Skulen er svært lite begeistra.

Arbeidet pågår til og med fredag

– Me har ikkje høyrd noko om dette og synest det er rart at me ikkje er informert. I dag har eg motteke meldingar frå engstelege foreldre, som fortel om store maskinar på fortau og tronge passasjar for skuleborn som skal på skulen, seier rektor ved Nore Neset barneskule, Børge Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han miner at informasjon er viktig.

- Dersom vi hadde visst om arbeidet, kunne vi gjort vårt for å førebu foreldra og trygga skulevegen deira, seier Lunde.

Han synest også det er rart at ikkje arbeidet vert lagt til andre tider.

– Mest av alt meiner eg dei burde fått gjort slikt arbeid før skulen byrja att. Men når dei no ikkje har klart det, så kunne dei jo starta litt etter at skulen var byrja. Eller lagt noko av arbeidet til ettermiddagen, seier Lunde.

Os og Fusaposten har prata med Vegvesenet som har gitt asfaltentreprenøren arbeidet. Dei konstaterer at arbeidet vil pågå mellom Grindevoll og Irgenskrysset til og med fredag.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no