Preben Vermedal, Kristian Eide, Hanne Flaskerud og Ida Engelsen.
Preben Vermedal, Kristian Eide, Hanne Flaskerud og Ida Engelsen.

Asvo gjev fødehjelp til Fjølo

Ungdomsbedrifta «Fjølo» har utvikla ei fjøl med innebygd haldar for skåler. Prototypen er laga på Os Asvo.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode idear kjem ikkje alltid rekande på ei fjøl, men for kvartetten i Fjølo UB gjorde dei nettopp det.

Dagleg leiar i Os Asvo, Kristian Nygaard, er imponert.

- Me ønskjer alle gode idear velkomne, og eg må seia at dette er ein kreativ gjeng, med ein veldig god idé. Om det nokon gong blir pengar av dette, skal vera usagt, men det er friskt og positivt å sjå at dagens ungdom jobbar godt for å utvikla ideane sine, og at dei nyttar lokale aktørar til å produsera dei, seier Nygaaard.

Fjølo er konstruert for både å kunna skjera og finhakka mat på, samstundes som ein kan skyva den ferdiglagde maten ned i hol med tilhøyrande skåler.
Fjølo er konstruert for både å kunna skjera og finhakka mat på, samstundes som ein kan skyva den ferdiglagde maten ned i hol med tilhøyrande skåler.

Han får skrytet og rosen returnert på direkten.

- Og for oss er det veldig fint å få samarbeida med ei IA-bedrift som Os Asvo. På den måten får me både jobba med ein lokal produsent, samstundes som me støttar arbeidet for «Inkluderande arbeid» (IA), seier marknadssjef, i Fjølo UB, Ida Engevik.

"Taco-brett"

Den kreative gjengen i Fjølo UB består elles av dagleg leiar Hanne Flaskerud, økonomisjef Markus Eide og personalsjef Preben Vernedal.

I faget Entreprenørskap og bedriftsutvikling har elevane frå Os gymnas berre fem timar i veka. Likevel har kvartetten rukke å koma svært langt med sitt originale konsept med skjerebrett med skåler.

- Det var vel Ida som først kom på at me måtte gjera noko med eit skjerebrett. Ho meinte det var så grisete å skjera og fordela grønsaker og anna når ein lagar taco, fortel Hanne.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, så heiv me oss på og tenkte med ho vidare. Etter kvart kom me altså fram til denne kombi-løysinga her med skjerebrett og skål-haldar i ei og same løysing, forklarar Markus.

- Det er ei klassisk to-i-ein-løysing, supplerer Preben.

Vil finpussa litt

Kristian Nygaard og hans tilsette laga prototypen ganske nyleg. Etter litt finpussing, håpar dei unge produktutviklarane å serieprodusera kjøkken-nyvinninga. I alle fall ei handfull.

- Me er edruelege. I første rekkje produserer me kanskje fire-fem stykk - ein til kvar av oss - så får me sjå etterpå om det er fleire som vil ha, seier Hanne.

- Me har hatt marknadsundersøking og prøvd å finna målgruppe for produktet. I tillegg har me sett på pris, fortel Ida.

Nett prisen kan bli ankepunktet. Nygaard må truleg ha 250 per stykk for sin del av jobben.

- Så må me kjøpa skåler. Om me skal tena litt pengar, må me nok opp i ein utsalspris på 350-400 kroner stykke, seier Ida.

Klar for å konkurrera

Uavhengig av suksess med salet eller ikkje, kan prosjektet betala seg for elevane frå Os gymnas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag 9. mars skal dei nemleg delta i fylkesmessa for «Ungt Entreprenørskap» på Amalie Skram videregående skole i Bergen. Her kan gjengen håpa på å hausta heider og ære, og kanskje til og med billettar til landsfinalen.

- Me deltek i klassen for «Beste utstilling», «Beste Sal og Service-bedrift» og «Beste forretningsplan og IA-plan», fortel gjengen.

- Kva tydar det å ha IA-plan?

- Det betyr at me må ha ein plan for korleis me skal sikra oss at bedrifta er ein inkluderande arbeidsplass, som jobbar for eit godt psykososialt miljø, seier Ida.