Åtte nye: Det er oppdaga til saman åtte nye smittetilfelle i kommunen den siste veka.

Åtte nye smittetilfelle sist veke

Frå søndag 25. juli til og med søndag 1. august har det vore åtte nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune

25. juli fekk ein mann i 40-åra påvist smitte. Smittevegen er ifølgje nettsida til Bjørnafjorden kommune ukjent.

Tre dagar seinare, 28. juli, fekk ein mann og ei kvinne, begge i 40-åra, påvist smitte. Kvinna hadde ukjent smitteveg.

Artikkelen held fram under annonsen.

29. juli var det ei kvinne i 30-åra som fekk påvist Covid-19. Dagen etter ein mann i 30-åra. Kvinna har ifølgje pressemeldinga frå kommunen ukjent smitteveg, men smitten stammar etter alt å døma frå ein nabokommune.

Søndag 1. august fekk tre menn i 20-åra påvist smitte. Desse har alle kjent smitteveg.

– Alle dei smitta er delvis, eller fullt vaksinerte. Likevel er det mogleg å bli smitta og smitta andre. Heldigvis ser det ut til at vaksinerte som blir smitta ikkje utviklar alvorleg sjukdom, seier kommuneoverlege Klaus Melf i pressemeldinga.