Ein bil hamna i grøfta ved Bergegrend.

Åtvara mot svært glatte vegar innover mot Eikelandsfjorden

Ein bil hamna i grøfta tysdag føremiddag.

Publisert Sist oppdatert

Bilen stod i grøfta like ved Bergegrend. Bilistar i område melde om at det var sett ut varselskilt. Dei melde også om svært glatt vegbane.

– Det er tydeleg at sola ikkje har sleppt til på denne sida av fjorden. Resultatet er at det er nærmast såpeglatt på enkelte stader. Om folk ikkje har skifta til vinterdekk, må dei vera uhyre forsiktige, sa ein tipsar til Os & Fusaposten tysdag føremiddag.

Powered by Labrador CMS