Pågåande: Torsdag kveld opplyste politiet i Troms om at svindelforsøket framleis var pågåande.

Åtvarar: – Grunn til å tru at svindlarane veit at telefonnummeret tilhøyrer ein tilsett i politiet

Skal vera snakk om betydelege summar.

Torsdag sendte politiet i Troms ut ei pressemelding om at dei det siste døgeret har mottatt fleire tips frå personar som har blitt utsett for bedrageri. Felles for samtlege er at dei har blitt oppringt frå telefonnummeret 483 51 223, og at personen som ringjer gir seg ut for å vera frå politiet og for å ha trong for bank-id-en deira.

– Politiet i Troms har bede Vest politidistrikt om å dela informasjonen med lokale redaksjonar då fleire av dei utsette er frå bergensområdet. Det vert også opplyst at det er fleire eldre blant dei som har blitt oppringde, går det fram av ei pressemelding frå Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nummeret som vert nytta tilhøyrer ein tenesteperson, som er utsett for såkalla «spoofing».

– Det er grunn til å tru at svindlarane har kjennskap til at nummeret tilhøyrer ein tilsett i politiet. Politiet oppmodar personar som blir oppringde frå dette nummeret om å ikkje oppgi personopplysningar og om å avslutta samtalen, går det fram av pressemeldinga.

Torsdag kveld oppdaterte politiet i Troms media, og fortalte at saka framleis er pågåande og at fleire personar har blitt svindla utover ettermiddagen.

– Det er snakk om betydelege summar, var beskjeden frå politiet.

– Politiet vil på det sterkaste oppmoda om å ikkje dela personleg informasjon, kortopplysningar eller bank-id. Om du har gitt frå deg opplysningar, oppmodar vi deg om å kontakta politiet på 02800, heiter det i pressemeldinga frå Vest politidistrikt som vart sendt ut fredag morgon.