Nore Neset IL tek ingen sjansar og gjerder no inn sumpområdet mellom noverande kunstgrasbane og Nore Neset ungdomsskule.
Nore Neset IL tek ingen sjansar og gjerder no inn sumpområdet mellom noverande kunstgrasbane og Nore Neset ungdomsskule.

Åtvarar mot skumle sumphol

Måndag fall ein gut ned i eit djupt sumphol der Nore Neset IL skal byggja den nye banen. No åtvarar idrettslaget born om å gå i området.

Dei siste helgane har ein dugnadsgjeng hogd ned trea mellom Nore Neset idrettsplass og Nore Neset ungdomsskule. Jobben med å rydda området der idrettslaget skal byggja kunstgrasbane nummer to, har gått rimeleg greitt, men at området er blitt meir tilgjengeleg, har også sine mindre positive sider.

- Tidlegare fungerte trea litt som "nett". No fyk ballen gjerne langt ut i myrområdet. Det er ikkje bra, seier leiar i idrettslaget, Egil Krukhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Svært djupt

Ryddegjengen har sjølvsagt fått med seg at det er godt med kulpar og sumphol i området, men ingen var klare over kor djupe enkelte av desse er, før denne guten søkk gjennom isen då han skulle henta ein ball i treningstida måndag ettermiddag.

- Han vart kliss våt og skvatt naturleg nok godt til. Heldigvis kom han seg raskt opp igjen, og sleppte frå det med skrekken, fortel Krukhaug.

Leiar for fotballgruppa, Jan Erik Døsen, var like etter bortom i myrområdet og måla hola der guten hadde falt nedi. Det han avdekka var urovekkande.

- Dei ser ikkje særleg store ut desse hola, men djupe er dei. Den djupaste Jan Erik måla var 2,30 meter djup, fortel Krukhaug.

Skal gjerda inn

Idrettslaget har no bestilt gjerde og håpar å få gjerda inn myrområdet innan helga.

- Frå no av får ingen born eller unge gå og henta ball i dette området. Dersom ballen fyk i denne retninga, får dei be om hjelp av ein vaksen. Visst ikkje får dei berre la ballen liggja, så får me henta han ved seinare høve, seier idrettslagsleiar Krukhaug.

Om tre, fire månader er problemet ute av verda.

- Entreprenøren startar masseutskiftingsarbeidet om nokre veker. Til sommaren reknar me med at området der den nye banen skal byggjast, er drenert og planert, seier Krukhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom alt går som idrettslaget håpar, vert det nye anlegget, inkludert eit bygg med garderobar, kiosk og teknisk rom, ferdig til bruk innan sesongstarten 2017.