(Arkivfoto)
(Arkivfoto)

Båt stole på Halhjem

Sundag fekk Os Lensmannskontor inn ei melding om at ein båt var stole på Halhjem.

- Den vart truleg stole på fredag. Det er ein Pioner 15 fot grå plastbåt, med ein Mercury-motor med 20 hestekrefter, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen, og legg til at politiet ønskjer tips i saka.

Oppdatert: Det kan sjå ut til at båten er funnen i Øyane. På «Os: Kjøp, salg og bytte på Facebook» er det lagt ut eit bilete som stemmar med detaljane som politiet har gått ut med.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har fått inn tips og held på og undersøke saka, seier Hadler-Olsen.

Han kan også fortelja om to trafikkontrollar sundag. Den første ved Hagavik Hjemmebakeri på skeie 08.00.

- Vi sjekka for rus og promille. 20 kjøretøy vart kontrollerte, ingen vart tatt, seier Hadler-Olsen.

Frå 09.30 til 10.30 stod dei på ferjekaien på Halhjem. Her var heller ingen påverka av rus.