Luranetunet: N/A

– Bebuarar bør ikkje reisa på julebesøk i år

Kommuneoverlegen oppfordrar bebuarar og pårørande om å halda julefeiringa på sjukeheimen i år.

Leiinga for helsetenestene i kommunen kjem med tilråding om at pårørande ikkje bør henta heim sine frå sjukeheimane til julefeiring i år. Dette er av omsyn til både bebuaren sin eigen smitterisiko og til dei andre som bur på sjukeheimen. Det opplyser kommunen på sine heimesider.

- Vi oppfordrar pårørande om å ikkje ta med seg bebuarar ut av sjukeheimen. Sjukeheimane legg til rette for at de heller kan ta julebesøket der. Eg forstår at det ikkje er det same som å feira heime med storfamilien, og at det kan kjennest tungt for både bebuarar og pårørande. Men akkurat i år tar vi mest omsyn til våre eldre ved å la dei vera på sjukeheimen, seier kommuneoverlege Klaus Melf til nettsida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Karantene etter julebesøk

Dersom bebuarar på sjukeheimen likevel ønskjer å dra heim til familie i jula, er det svært viktig at alle smittevernomsyn blir tatt under besøket, påpeikar kommuneoverlegen.

– Alle må halda minimum éin meters avstand til den som bur på sjukeheimen under heile besøket, og vera svært nøye med hand- og hostehygiene. Dersom nokon av dei som er inviterte har symptom på covid-19, må dei la vera å gå i besøket, seier Melf.

Bebuaren må i karantene på rommet etter besøket og blir testa etter tre dagar. Ved negativt prøvesvar vil karantenen bli oppheva på dag fire. Regelen om karantene gjeld òg ved eventuelle besøk på kjøpesenter eller kafé, opplyser kommunen.