Ulukke: Ein bil skal ha kollidert med ein trafostasjon langs Venjanesvegen.

Bil har kollidert med trafostasjon: — Det er ikkje meld om personskade

Ein bil skal ha køyrd av vegen og kollidert med ein trafostasjon ved Venjanesvegen.

Det opplyser 110 Vest på X — tidlegare Twitter.

Varabrannsjef i Bjørnafjorden brann og redning fortel at brannvesenet har ein person på staden. Utrykkingsleiar er på veg. Det er også politiet, fortel Walden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ut frå meldinga, verkar det vera udramatisk. Det er ikkje meld om personskade. Bilen har kollidert med, eller i alle fall vore borti ein trafostasjon, seier Walden.

Det skal vera ein del skade på bilen, opplyser 110 Vest.