Kollisjon med trafo: Bilen skal først ha vore borti autovernet, før han kolliderte med trafostasjonen.

Politiet tok førarkortet til mannen som kolliderte med trafostasjonen søndag formiddag

Meiner å ha oversikt over hendingsgangen.

Klokka 8.45 melde 110 Vest om ei trafikkulukke ved Venjanesvegen. Der hadde ein bil kollidert med ein trafostasjon.

— Trafostasjonen fekk seg ein støyt. Bilen stod ved sida av. Det skal ikkje ha vore glatt på staden, fortel varabrannsjef i Bjørnafjorden brann og redning, Erik Walden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varabrannsjefen var ikkje sjølv på staden, men opplyser at Bjørnafjorden brann og redning hadde ein tilsett på staden kort tid etter meldinga kom inn.

— Politiet brukte noko lengre tid. Dei var på plass litt over ein time seinare. Det er lange avstandar på Fusa-sida, seier Walden.

Opplyser å ha bomma på gasspedal og bremsen

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Helge Blindheim, stadfestar at årsaka til ulukka ikkje skal ha vore glatt veg.

— Vi meiner å ha ei oversikt over hendingsgangen. Det er ei svak høgrekurve på staden. Bilen har kome over i motsett køyrefelt og så køyrd i trafostasjonen, seier Blindheim.

Bilen skal først ha vore innom autovernet, før han til slutt hamna i trafostasjonen.

— Førar har uttala å ha bomma på gass og brems. Det er mogleg at det er tilfelle. Det vil etterforsking visa. Førarkortet er beslaglagt, seier Blindheim.

Det var ein mann i 30-åra bak rattet, ifølgje politiet.