Naudetatar er på veg til ulukkesstaden.
Naudetatar er på veg til ulukkesstaden.

Bil på taket

Ein bil har køyrd utfor vegen og hamna på taket etter ei ulukke på Rv 48 ved avkøyringa til Skjelbreid i Fusa.

Det skal ha vore to personar i bilen. Ambulansen er framme ved ulukkesstaden.

Det skal ikkje ha vore fleire bilar involvert i ulukka, og begge dei to personane er oppegåande, og blir tekne hand om av helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikken kan passera på ulukkesstaden.

Like før klokka 18 melder politiet at dei to personane er sjekka av ambulansepersonell og er uskadde. Fusa bilberging er rekvirert. Det er manuell dirigering på staden, og trafikken går i eine køyrefeltet.