Også då Os & Fusaposten var oppom for å ta bilete av den stengde vegen, var det fleire privatbilar som køyrde gjennom. No lovar Statens Vegvesen at vegen skal opna att på onsdag.
Også då Os & Fusaposten var oppom for å ta bilete av den stengde vegen, var det fleire privatbilar som køyrde gjennom. No lovar Statens Vegvesen at vegen skal opna att på onsdag.

Bilistar vart bøtelagd: Statens vegvesen beklagar at vegen har vore stengd så lenge

Denne veka vart folk bøtelagt for å ha køyrd gjennom der vegvesenet har stengd vegen ved Os vidaregåande skule. – Me beklagar at det har teke så lang tid, seier Vegvesenet.

Det er ikkje få som har vågd seg gjennom frå Ulvenvegen og inn på Industrivegen, trass i forbodeskiltet som har stått der store delar av hausten. Denne veka vart ein sjåfør bøtelagt med 5.500 kroner for å ha køyrd gjennom den smale passasjen, som per dags dato berre er tillaten å bruka for kollektivtrafikk og naudetatane.

For lang tid

Statens vegvesen svarer slik på spørsmål om kvifor vegen har vore stengd for vanlege bilistar og førarar av andre køyrety så lenge:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har full forståing for at lokaltrafikantane gjennom Kolskogheiane reagerer på at gjennomkøyrings-forbodet framleis står ved lag. Statens vegvesen medgjev at det har teke for lang tid med fullføring av vegarbeidet i området. Men det står no att arbeid med nedsetting av kantstein, oppføring av rekkverk og til slutt, legging av asfalt i anleggsområdet, seier byggjeleiar i Statens vegvesen, Kari Bremnes.

Bremnes legg til at det fram til no har vore stengd grunna graving, røyrlegging og oppbygging av nye vegmassar.

Asfaltert til veka

Komande veke startar dei på asfalteringa av denne vegbiten.

– Planen er å asfaltera i starten av veka og opna for trafikk igjen på onsdag. Restarbeid med kantstein, sidevegar etc. vil bli utført etter kvart. Det vil også då vera behov for innsnevring av vegen, men det vil i utgangspunktet ikkje vera naudsynt med stenging av vegen, fortel Kari Bremnes.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no