Eirin Lønningdal har god grunn til å smila. Tysdag kom Tina Skudal frå BIR på besøk i Varåsgrenda for å overrekkja blomar og diplom som synleg bevis på at osingen har vunne 10.000 kroner i BIRs returkartong-lotteri.
Eirin Lønningdal har god grunn til å smila. Tysdag kom Tina Skudal frå BIR på besøk i Varåsgrenda for å overrekkja blomar og diplom som synleg bevis på at osingen har vunne 10.000 kroner i BIRs returkartong-lotteri.

BIR-lynet slo ned i Varåsgrenda for andre året på rad

I fjor vann Nils-Anders Nøttseter 10.000 kroner i BIRs nasjonale returkartong-lotteri. I år stakk Eirin Lønningdal av med ein like stor gevinst i det same lotteriet. Begge to bur i Varåsgrenda.

- Det nabolaget der gjer det skarpt, seier kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal og legg til:

- Eg veit ikkje kva oddsen er for at dette skal skje, men det er rimeleg spesielt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tusjen ligg i kjøkenskuffa

Tysdag morgon vitja Skudal Varåsgrenda for å overrekkja diplom og blomar til Lønningdal. Vinnaren fortel at ho i lang tid har skrive namn og nummer på kartongane, før dei blei lagt i papirbosset. Men det var først då ho las i Os & Fusaposten atnaboen Nils-Anders Nøttseter hadde vunne, at ho verkeleg gjekk inn for det.

- Tidlegare skreiv eg berre på om eg fann ein penn eller tusj i nærleiken. No har eg tusjen liggjande i skuffen, berre sjå her, seier ho.

Pengane kjem godt med

Om berre to veker flyttar Lønningdal og familien frå Varåsgrenda til Halhjem. Gevinsten i lotteriet kjem til å spira og gro.

Skudal kom med nyttige tips, som gjer at vinnarsjansane til Lønningdal aukar i framtida.
Skudal kom med nyttige tips, som gjer at vinnarsjansane til Lønningdal aukar i framtida.

- Eg har tenkt å bruka pengane på drivhus. Eg dyrkar grønsakar og urter på hobbybasis. Eg får nok eit greitt drivhus til 10.000 kroner, seier Lønningdal.

Skudal poengterte at Lønningdal no flyttar frå eit nabolag med stor vinnarlukke. Det er ikkje eit problem for osingen, som har løysinga på problemet.

- Eg har så god kontakt med naboane mine i Varåsgrenda at dei heilt sikkert lèt meg koma innom og kasta nokre kartongar i papirbosset deira, seier ho og ler.

Ikkje berre mjølkekartongar

Retur-lotteriet blei starta i 1997. Skudal fortel at det er mange som trur at lotteriet berre fann stad på 90-talet, men det er altså i aller høgaste grad i drift i dag òg. Nøttseter blei den første osingen som hausta gevinst i lotteriet i fjor. Lønningdals vinnarsjansar i framtida auka etter ein prat med Skudal på kjøkenet. Lønningdal plar samla mange kartongar i ein stor kubbe, og skrive namnet sitt på kubben. Det ho ikkje har gjort tidlegare, er å skriva namn på alle kartongane.

- Det må du gjera, seier Skudal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du kan også skriva namn og nummer på sjokoladepudding-, fløyte-, og juicekartongar. Det er ikkje berre mjølkekartongar som gjeld.

124 vinnarar årleg

Tina Skudal tok over ansvaret for lotteriet i 2007. 38 vinnarar er trekt ut sidan den gong. Fire gonger i året blir det trekt ut 30 vinnarar, og dei to siste åra har altså to osingar - frå same nabolag - fått 10.000 kroner som følgje av at dei har skrive namn og nummer på ein pappkartong før han hamna på gjenvinningstasjonen.

- Først blir det gjort eit tilfeldig utval på det store papirsorteringsanlegget på Espehaugen, der all papp frå vår region blir samla. Dei som blir trekt ut der, blir sendt vidare til Oslo for eit nasjonalt lotteri. Dei som her blir trekt ut, får 10.000 kroner i premie, seier Skudal.

Det blir årleg delt ut 120 premier på 10.000 kroner frå BIR.

I tillegg til dette, blir det trekt ut fire vinnarar i året, som får heile 100.000 kroner.

- Eg har berre hatt gleda av å dela ut 100.000 kroner éin gong, men i år er det faktisk ein i vår region som har vunne denne premien. Så no skal eg dela ut min andre store premie, seier Skudal og held fram:

- Vedkomande er ikkje klar over det, men får snart beskjeden. Det er diverre ikkje nokon frå Os eller Fusa, seier Skudal og smiler.

VISSTE DU AT:

Artikkelen held fram under annonsen.

Mjølkekartongane blir berre brukt som mjølkekartong éin gong. Etter at dei er resirkulert, blir dei brukt som til dømes pizza- og frukostblandingskartongar 6-7 gonger, før dei til slutt blir til dopapir.