Bjørn fekk seg ei overrasking då han skulle vaska bilen: Ut av springen kom det mørkebrunt vatn med oljehinne

Bjørn Størksen lurer på om det er fleire på Hjelle som har problem med vasskvaliteten onsdag kveld.

– Det er blitt betre no, seier Bjørn Størksen, som for om lag ein halvtime sidan la ut to bilete på Oppslagstavlo i Os på Facebook. Bileta viste korleis vatnet som kom ut av springen heime hos han på Hjelle såg ut.

– Det var ikkje det at det var brunt som gjorde at eg reagerte. Det var skikkeleg mørkebrunt med noko som såg ut som ei oljehinne, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje bruk varmt vatn

Størksen skulle vaska bilen. Det har teke noko lengre tid enn kva han tenkte.

– Vatnet som kjem no, ser betre ut. Meldinga var for å finna ut om det er fleire som slit med dette på Hjelle. Eg har aldri hatt problem med den private vassleidninga før, seier han.

Kommunen har ikkje fått melding om at nokon på Hjelle slit med vasskvaliteten, fortel teknisk vakt.

– Det kan vera grums som har lausna i vassleidninga hans. Det er nok ikkje noko farleg. Det pågår ikkje arbeid i området, og det er ikkje melding om at nokon andre slit med dette.

Om ein får grumsete vatn ut av springen, skal ein unngå å bruka varmt vatn.

– Ein skal bruka kaldt vatn, og la det renne heilt til det ser greitt ut. Ein skal heller ikkje bruka oppvaskmaskin, vaskemaskin og slike ting.

Tappa hydrant - skapte problem i nabolaget

Det er ikkje lenge sidan ein hadde eit liknande tilfelle som dette, men då var det fleire som var råka.

– Det var på Søfteland. Det var nokon som hadde teke vatn ut frå ein hydrant utan løyve. Når ein tappar store mengde slik, opplever naboane som er kopla på same strekket at vatnet er brunt/grumsete. Det tok tid før det blei betre, fortel teknisk vakt og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein opplever at trykket ikkje er som det skal, så må ein ringa til teknisk vakt. Det kan indikera brot på vassleidninga.