Rett over nyttår: Alle landets kommunar har fått tilbod om å få eit tal vaksinedosar i veke éin, altså rett over nyttår.

Bjørnafjorden får 80 vaksinedosar

Fordelinga av den første store pakken med vaksinedosar, som kjem 28. desember, er nå klar.

Det skriv VG.

Avisa skriv at alle landets kommunar har fått tilbod om å få eit tal vaksinedosar i veke éin, altså rett over nyttår. Men dei kan også velja å venta ei veke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi deler først ut til fryselagera fordelt etter del eldre. Så seier vi ifrå til kommunane kva dei har fått fordelt, og så vil vi høyra tilbake frå dei om dei er klare til å få dei allereie i veke éin eller om dei vil utsetja ei veke, forklarte overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI) til VG tysdag.

Bjørnafjorden vil få 80 dosar i den første pakken.