Endrar: Måndag vert den lokale forskrifta oppheva.

Bjørnafjorden går over til nasjonale koronareglar

Frå og med måndag 21. desember blir den lokale smittevernforskrifta oppheva. Då gjeld dei nasjonale reglane og anbefalingane for innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.

Det opplyser kommunen på sine heimesider.

Slik er dei nasjonale reglane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjå oversikt over alle dei nasjonale reglane

Ein regel er forskriftsfesta og skal følggast. Brot på reglane er straffbart.

Alle bør følgje anbefalingar, sjølv om dei ikkje er forskriftsfesta.

Bjørnafjorden kommune anbefaler i tillegg munnbind på butikkar og andre offentlege plassar der det er fare for at du ikkje kan halda 1 meter avstand.