Ikkje unntak: Frå i dag, onsdag, blir det ikkje gitt unntak frå karantene for dei under 18 år.

Ny forskrift: Bjørnafjorden gir ikkje karantene-fritak for born og unge under 18 år

Bjørnafjorden kommune innfører ei lokal forskrift som gjer at karantenereglane også gjeld for personar under 18 år.

Det betyr at det ikkje blir gitt unntak frå karantene for dei under 18 år. Forskrifta tredde i kraft onsdag kl. 18.00 og varer til tysdag 21. desember kl. 24.00

Bjørnafjorden kommune innfører karantene for barn under 18 år som er rekna som øvrige nærkontaktar. Den nasjonale forskrifta har ikkje slik karantene. Forskrifta blir innført fordi det er mykje smitte blant barn, opplyser kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Smittetrykket i kommunen stig kvar dag som går. Denne utviklinga må vi snu og då er det viktig at alle nærkontaktar går i karantene, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Dette er ordlyden i den vedtekne lokale forskrifta om smittekarantene under 18 år

Heimel: Fastsett av kommuneoverlegen Bjørnafjorden kommune 15. desember 2021 med heimel i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer § 4-1

§ 1.Formål

Formålet med forskrifta er å avgrense spreiing av SARS-CoV-2 i ein periode med sterk auke i smittetal i lokalsamfunnet og i nabokommunar, og slik sikre forsvarleg kapasitet i kommunale helse- og omsorgstenester.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for alle som oppheld seg i Bjørnafjorden kommune.

§ 3.Forhold til anna lovverk

Artikkelen held fram under annonsen.

Reguleringa i dette vedtaket kjem i tillegg til dei reguleringar som følge av lov, nasjonale forskrifter og andre lokalt fastsette tiltak mot smitte. Ved motstrid mellom denne forskrift og nasjonalt regelverk, går forskrifta framfor fråvikelege reglar i lov og nasjonal forskrift.

§ 4 Krav om smittekarantene for personar under 18 år

Unntak frå krav om smittekarantene for personar under 18 år etter covid-19-forskriften § 4i fjerde ledd bokstav c gjeld ikkje i Bjørnafjorden kommune. For dei under 18 år som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nære, kan hurtigtest/sjølvtest erstatte PCR-test.

§ 5. Ansvar

Bjørnafjorden kommune tar ikkje på seg økonomisk ansvar som følge av pålagde tiltak.

§ 6.Straff

Forsettleg eller grovt aktlaus brot på reglane i denne forskrifta, straffast med bøter eller fengsel inntil 6 månader jf. smittevernloven § 8-1.

§ 7. Ikraftsetjing

Artikkelen held fram under annonsen.

Forskrifta trer i kraft onsdag 15. desember 2021 kl. 18.00 og varer til tysdag 21. desember kl. 24.00.