Deler av Bjørnafjorden Høgres kommunestyregruppe. Frå venstre: Lin Cathrin Brunborg Anthun, Hans S. Vindenes, Kristin Søfteland-Larsson og Marie Bruarøy.

Bjørnafjorden Høgre har valt ordførarkandidat

Onsdag gjennomførte Bjørnafjorden Høgre nominasjonsmøte til kommunevalet i 2027.

Publisert Sist oppdatert

Marie Bruarøy vart på møtet samrøystes gjenvalt som partiets ordførarkandidat. Det skriv nestleiar i Bjørnafjorden Høgre, May Brit Haringstad, i ein e-post til Os & Fusaposten.

– Vi er stolte over å kunna presentera Marie Bruarøy som Høgre sin ordførarkandidat i valet i 2027. Vi er svært glade og takksame for at Marie er motivert for å ta ein ny periode og halda fram arbeidet for Bjørnafjorden kommune, skriv partiet og legg til at Bruarøy har vist stort engasjement og tydeleg leiarskap som varaordførar i kommunen.

– Marie har eit sterkt ønske om å utvikla kommunen vidare.

Nominasjonsmøtet samla ifølgje meldinga engasjerte medlemmer. Høgres Ove Trellevik, 3. visepresident på Stortinget, deltok også på møtet.

– Besøket vart sett stor pris på og bidrog til gode diskusjonar og inspirasjon for det vidare arbeidet, skriv partiet.

I tida framover skal partiet arbeida vidare med å byggja laget, og å setja saman resten av vallista.

– Bjørnafjorden Høgre ser fram til valkampen i 2027 med Marie Bruarøy ved roret.

Powered by Labrador CMS