Bergingsaksjon: Store styrkar deltok i søket etter at ein seglbåt gjekk på grunn.

Ein død person henta opp frå sjøen. Pårørande er varsla.

Hovedredningssentralen stadfestar at ein person er funnen omkomen.

Klokka 13 stadfestar Hovudredningssentralen på Twitter at ein person er funnen omkomen etter bergingaksjonen nord for Våge.

Operasjonsleiar Tatjana Knappen seier til Os & Fusaposten at det er for tidleg å gå ut med opplysningar om kor personen er heimehøyrande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho kan heller ikkje seia noko om hendingsforløp per no.

– Me held på med undersøkingar på staden.

Politiet er i gang med varsling av dei pårørande.

Etterretningsopplysningar og spor tyder på at vedkomande har vore åleine i båten, og redningsaksjonen er no avslutta.