Gjekk på grunn: Ein seglbåt gjekk måndag føremiddag på grunn på Ratholmen rett nord for Våge.

Stor bergingsaksjon ved Våge måndag

HRS Sør-Norge fekk kl. 11.03 melding om at ein seglbåt hadde gått på grunn nær Våge i Tysnes kommune.

Klokka 12.20 fekk BT.no opplyst frå politiet at ein mann var funnen i sjøen der seglbåten gjekk på grunn.

Mannen skal vera eigaren av båten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal ha vore privatpersonar som melde frå etter å ha sett seglbåten gå på grunn.

Grunnstøytinga skal ha skjedd på Ratholmen, rett nord for Våge. Lokalt brannvesen og dykkarar rykte ut til staden.

Hovudredningssentralen Sør-Norge opplyser at lokale naudetatar, lokal ferje, luftambulanse frå Bergen med dykkarar, redningshelikopter frå Sola, kystvakt og sjøforsvar har delteke i berginga. Også dykkarar frå Bjørnafjorden brann og redning har bidrege.

Ulukka førte til at ferjesambandet mellom Halhjem og Våge vart innstilt inntil vidare. Ferja starta opp att i normal drift frå Våge kl. 13.