Trude Brenna Aasen blei funnen død i ein bil i Åsen i april i fjor. Eksmannen er tiltalt for drap. I dag starta rettssaka. (Arkivfoto)
Trude Brenna Aasen blei funnen død i ein bil i Åsen i april i fjor. Eksmannen er tiltalt for drap. I dag starta rettssaka. (Arkivfoto)

Blei funnen med hovudet mot pedalane

I retten torsdag, kom det fram fleire nye opplysingar om Trude Brenna Aasen sine siste timar.

Søndag kveld 24. april i fjor, blei Trude Brenna Aasen funnen død i ein bil i Åsen. Hennar 42-årige eksmann er tiltalt, og har innrømma drapet. Brenna Aasen skal ha flytta ut frå eksmannen november 2015 og paret blei separert i februar 2016. Bakgrunnen for møtet mellom dei to drapsdagen, skal vera at dei skulle gå gjennom og signera nokre papir i samband med samlivsbrotet. Tiltalte skal sjølv ha ringt politiet søndag kveld og fortalt at han hadde drepe ekskona. I retten i dag svara han i følgjeBergens Tidende eit tydeleg ja på at han erkjenner straffskyld etter tiltalen. Det er sett av fire dagar til rettssaka, og rettssaka starta torsdag.

To knivstikk i overkroppen

I sitt innleiingsforedrag, sa aktor, statsadvokat Benedikte Høyseth, at Aasen blei drepen med to knivstikk i overkroppen. Begge blir skildra som dødelege. Aasen skal ha blitt funnen med hovudet ned mot pedalane og føtene opp mot seteryggen. I tillegg hadde ho ei rekkje skarpkanta sår på armar og hender.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan vera såkalla vergeskader, uttalte aktor Høgseth i retten.

Kring spørsmålet om overlegg sa aktor at tiltalte i avhøyr har sagt at han hadde planlagt å drepa avdøde.

- Vi meiner desse opplysingane byggjer opp under at drapet var planlagt frå avdøde kom til bustaden, sa Høgseth i retten i følgje BT.

Teikn på basketak

Rettssmedisiner Inge Morlid fortalte om ei rekkje skadar på avdøde. Også fleire småskadar. Han kommenterte mellom anna eit fire cm langt sår på venstrearmen til Aasen.

- Slike skadar ser vi av og til på personar som beskyttar seg.

Han kommenterte også andre skader på hand og fingre.

- Dette er småskadar som kan oppstå i eit basketak og som kan seia noko om kva som er skjedd, sa Morlid i retten i følgje BT.

Rettsmedisineren påpeika også punktblødningar i augelokkhuden som kan vera forenleg med kvelartak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overlagt eller forsetleg drap?

I retten kom det også fram at det i undersøkingar etter drapet blei funnen det politiet antek er sjølvmordsbrev frå tiltalte til henholdsvis Aasen og borna deira. Høgseth opplyste at tiltalte i perioden etter brotet med sin livspartnar sidan tenåra, sleit psykisk.

Statsadvkoaten meiner ifølgje Bergensavisen atdrapet var planlagt, og viser til at 42-åringen hadde med seg kniven ut då han møtte ekskona.

I den nye straffelova blir det ikkje skilt mellom overlagt eller forsetleg drap, men det blir likevel eit tema i høve straffeutmålinga. Medan normalstraff for eit forsetleg drap er på tolv års fengesel, er maksimumsstraffen for eit overlagt/planlagt drap 21 år.