Mistenkjer falsk alarm: — Alarmen gjekk på køyretøy mot køyreretninga, og vi måtte stengja tunnelen. Vi mistenkjer at det var falsk alarm, då vi ikkje klarte å sjå noko på overvakinga, fortel trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, Christian Strømmen.

Blei stengd: Her gjekk alarmen tysdag formiddag

Vegtrafikksentralen mistenkjer falsk alarm.

Tysdag formiddag blei Skogafjellstunnelen stengd ein kort periode.

— Alarmen gjekk på køyretøy mot køyreretninga, fortel Christian Strømmen, trafikkoperatør hjå Vegtrafikksentralen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha gått gjennom kameraovervakinga, blei tunnelen opna etter 5—10 minutt.

— Det kom eit par alarmar på same tid, og vi måtte difor stengja tunnelen. Vi mistenkjer at det er falsk alarm, då vi ikkje klarte å sjå noko på overvakinga. Etter å ha klarert at det ikkje var nokre køyretøy i feil retning, kunne vi opna att, seier Strømmen.