200: Kommunekomiteen håpar å få med 200 bøsseberarar i Bjørnafjorden.

Bli med på årets viktigaste søndagstur!

TV-aksjonen søndag 23. oktober går til Leger Uten Grenser sitt arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest.

Leiarane for Os Frivilligsentral og Fusa Frivilligsentral, Stine Kobbeltvedt og Victoria T. Dale, håpar å få med 200 bøsseberarar i Bjørnafjorden.

Målet er at så mange som mogeleg i alle krinsar og bygder i Bjørnafjorden skal få besøk av ein bøsseberar. Helst alle!

Artikkelen held fram under annonsen.

I pandemiåret 2020 var det berre digital innsamling, dermed blei det ikkje så lett å mobilisera bøsseberarar i fjor heller. Likevel blei det innsamlingsrekord i Bjørnafjorden kommune, med nesten 1,5 millionar kroner til saman.

I år går frivillige over heile landet med bøsser nokre ettermiddagstimar søndag 23. oktober. Ein av dei er ordførar Trine Lindborg. Ho synest det er kjekt å prata med folk på innsamlingsruta og å oppleva fellesskapet med dei andre frivillige på basen der bøssene blir henta og levert inn.

Måndag 17. oktober er Lindborg og varaordførar Harald Lekven også med på Bjørnafjorden næringsråd sin ringerunde til bedrifter i kommunen, og næringslivet har tradisjon for å vera rause når dei får den årlege oppringinga frå TV-aksjonen.

Kommunekomiteen i Bjørnafjorden kommune er Stine Kobbeltvedt, Lillian Sælen og Anne Frotveit frå Os Frivilligsentral, Ingrid Vik frå Os kyrkjelyd, Victoria T. Dale frå Fusa Frivilligsentral, Yvonne Remes frå Norsk Folkehjelp avdeling Os og ordførar Trine Lindborg. Dei planlegg TV-aksjonen lokalt, og håpar riktig mange bjørnafjordingar blir med å gå årets viktigaste søndagstur.

Vil du vera bøsseberar? Registrer deg på blimed.no.

Der kan du òg lesa om prosjekta Leger Utan Grenser skal bruka pengane til. Bli med å bidra til å førebyggja livsfarlege sjukdomar og gi helsehjelp til menneske i nokre av verdas gløymde kriser!

Kommunekomiteen