Skrivekonkurranse: Du kan vinna gåvekort på Pizzabakeren om du deltar i skrivekonkurransen

Os & Fusaposten inviterer: Bli med på skrivekonkurranse!

I desse heimetider lanserer Os & Fusaposten ein skrivekonkurranse for aldersgruppa 13-19 år - med premiering.

Er du heime, treng tips til kva du kan gjera på, er glad i å skriva og vil vinna premiar? Då er skrivekonkurransen midt i blinken for deg!

Her kan du sleppa kreativiteten laus, og skriva i veg. Det er alltid noko å skriva om, og me vil få lesa og eventuelt dela ditt bidrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Teksten kan vera alt frå reflekterande til morosam og alvorleg. Bruk fantasien! Det kan vere oppdikta eller ei sann historie, her er det mange vegar å velja. Me gler oss til å sjå kva ungdomen i Bjørnafjorden kan skriva!

Retningslinjer

Kven: Ungdom frå 13 til 19 år

Kva: Novelle eller essay, 500-1000 ord

Tema: Kva skjer no?

– Stikkord (dette er berre forslag til å setja i gang den kreative prosessen, ein må ikkje bruke nokre av desse stikkorda): Framtida (kan vera langt fram i tid og kortare fram), framtidspress, skule, verda, miljø, draumar, karriere, håp, spådomar, media osv.

Frist: Søndag 22.mars

Kvar: Send inn til post@osogfusa.no

Premie: 2 gåvekort på Pizzabakeren og ei remse flaxlodd samt publikasjon i Os & Fusaposten, 1 gåvekort kvar til andre og tredjeplass

Artikkelen held fram under annonsen.

Målform: Nynorsk

Hugs å mekra teksten med namn, alder, skule og telefonnummer i toppteksten

Lukke til - me gler oss til å lesa!:)

Essay-sjangaren

– Ei forteljing

– Leika med språket og nytta ulike verkemiddel

– Vandring gjennom emnet

– Formål å nærma seg emne frå ulike vinklar

– Personleg essay: Forfattarens eigne, personlege tankar og refleksjonar

– Sakleg essay: Saklege poeng og fakta om ei sak har større plass

Kjelde: NDLA