Idealet: Det er slik vi likar det på 17. mai. Årets utgåve blir av den meir traurige sorten.

Blir truleg den kaldaste sidan 2012

Skal du ut klokka sju for å spela i korps, bør du ha på deg hanskar.

For ei veke sidan var det snakk om knallsol og 20 varmegrader. Men no er meteorologane sikre på at 17.mai-vêret blir ein skikkeleg nedtur.

— Ja, vi er dessverre vane med å øydeleggja både bryllaup, julaftan og 17. mai for folk, vi, sukkar vakthavande hos Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Natt til onsdag kjem det spreidde byger, og morgonen startar med temperaturar på to-tre grader.

— Skal du ut og spela i korps frå morgonen av, er det nok lurt å ta på seg hanskar, seier Fagerli.

— Andre stader i landet er det fare for snø. Kva med Bjørnafjorden?

— Nei, snø blir det ikkje. Snøgrensa ligg på mellom 200 og 400 meter. Du treng heller ikkje skrapa bilen, for det er tørr luft.

Fagerli legg til at vi skal vera glad vi ikkje bur i fjellstrok i Nordfjord eller Møre og Romsdal. Enkelte stader der kan få opp mot 25 cm snø.

— 17. mai byr elles på stort sett opphaldsvêr, så paraplyen kan liggja igjen heime. Men ei varm jakke vil nok vera heilt naudsynt, ja.

Makstemperaturen vil nemleg ikkje koma høgare enn åtte, ni, ti grader.

— Og dess lenger ut mot kysten, dess meir vind frå nordvest kan du rekna med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan 2022 baud på 22 grader og 2019 heile 24,3 grader, må vi tilbake til 2012 for å finna ein like kald nasjonaldag som den vi no går i møte.

Då vart det nemleg målt ein makstemperatur på 8,8 grader.

Også i 2020 var makstemperaturen låg, med rett over 11 grader, men då sat vi i karantene heile gjengen.

— Vi har eit stort spenn her på Vestlandet. Det er ikkje så mykje anna å seia.