Midt i vegen: Sofaen ligg dumpa midt i vegen. Politiet søkjer etter eigaren.

Bohus tok ansvar for å rydda opp medan politiet søkjer opp sofaeigaren

Sofaen kjem ikkje frå Bohus no, men dei har i samtale med politiet sagt at dei likevel vil rydda han bort.

Laurdag ettermiddag køyrde to veninner på Lyseklostervegen. Om Åsen, kjem det avkøyring til den nye vegen. Denne vegen er som kjend ikkje i bruk. Men då veninnene passerte krysset, kom det ein bil med lånehengjar frå Bohus køyrande frå denne vegen, som er snødekt. To menn sat i bilen.

Les også
Her er det dumpa ein sofa midt i vegen: — Vi stussa då bilen med hengjar kom køyrande derifrå

Politioverbetjent Atle Birkeland fortel at ein patrulje har vore på staden. Sofaen ligg der framleis. Saman med sofaen, ligg det eit ark med ordrenummer og annan informasjon. Birkeland har vore i kontakt med Bohus, som seier at sofaen ikkje kjem der frå no, men at dei vil rydda opp likevel.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Vi søkjer opplysningar om kven som har dumpa sofaen, seier Birkeland.

Skal vi tru logistikksjef i Bohus, Kjell Moberg, så er desse opplysningane på veg til politiet i skrivande stund.

– Den merkelappen stammer frå ein ny sofa - ikkje den som låg på staden. Her ser det ut til at nokon har kjøpt seg ny sofa, og dumpa den gamle, seier han og held fram:

– Vi blei kontakta av politiet og spurt om vi kunne bistå med opprydding. Politiet var fullt klare over at ikkje vi var ansvarlege for dette, men det var tilsynelatande ein av våre kundar. Vi stilte opp og har no fått fjerna sofaen. Vi er ikkje interesserte i å ha vår merkevare knytt til noko slik som dette. Politiet får ta seg av miljøkriminaliteten ved denne saka, seier Moberg.