Midt i vegen: Eit kort stykke inn på den nye vegen, frå Lyseklostervegen i Åsen, ligg det ein dumpa sofa.

Her er det dumpa ein sofa midt i vegen: — Vi stussa då bilen med hengjar kom køyrande derifrå

To veninner ante ugler i mosen då bilen kom køyrande frå ein stengd veg.

— Først var eg litt usikker på kva eg skulle gjera med dette. Eg hatar forsøpling, seier kvinna som Os & Fusaposten har snakka med.

Laurdag ettermiddag køyrde ho på Lyseklostervegen saman med ei veninne. Om Åsen, kjem det avkøyring til den nye vegen. Denne vegen er som kjend ikkje i bruk. Men då veninnene kom køyrande, kom det ein bil med hengjar køyrande frå denne vegen, som er snødekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg har sett nokre rånarar der tidlegare, og så er det vel turgåarar som går denne vegen, men vegen er stengd for trafikk. Vi køyrde forbi kring 14.30 laurdag, og vi stussa då bilen med lånehengjar frå Bohus kom køyrande derifrå, fortel ho.

I bilen skal det ha site to menn, og veninnene fekk med seg kjenneteikn ved bilen. No får politiet informasjonen. I tillegg fann dei ein pakksetel på staden med ordrenummer og til og frå adresse.

Les også
Her vil ein møta stengd port i minst éi veke