- Bøndene har lov å bruka traktoren på søndagane, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.
- Bøndene har lov å bruka traktoren på søndagane, seier lensmann Oddbjørn Dyrdal.

- Bøndene øydela søndagsfreden

Du veit det har vore ei rolig helg for politiet når ein klage på støy frå bønder er helgas største sak.

Sundag kl 12.45 fekk politiet melding om fem traktorar ute på jordene i Os, som skapte noko bråk for ein person som ville ha det stille på søndagen.

- Nei, det må vera lov. Det er etter kyrkjetida, det er godvær og då må bøndene ha lov å få høyet i hus, seier Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me les i avisene at ein ikkje har lov å klippa plenen på søndag, men regelen gjeld ikkje for bønder, altså?

- Å vera på jobb på søndag er lov. Me i politiet er på jobb, og det same er dei på bensinstasjonane. Eg trur nok ikkje dette er noko bøndene vil bli straffa for, seier ein lattermild lensmann.

Han legg til at det er rett at folk skal ha respekt for helgedagsfreden og visa omsyn og ikkje vera til unødvendig sjenanse, men det er altså noko heilt anna enn det som har skjedd i denne saka.