På plass: Fleire politifolk var på plass for å prata med den aggressive mannen fredag.

Bortvist frå sentrum fredag ettermiddag

Ein mann i slutten av 20-åra oppførte seg trugande utanfor apoteket i Os sentrum fredag.

Mannen var aggressiv og skapte uro i sentrum fredag ettermiddag. Mannen vart like etter oppsøkt av politiet på Telthusplassen i Os sentrum. Her vart han pålagt å dra frå Os sentrum. Mannen vart ikkje pågripen.

– Dette er ein kjenning av politiet. Det har hendt tidlegare at han har vore trugande og at våre patruljar har måtta ta affære, seier politistasjonsjef Anne Lysand.