Mekla på Søre Neset: Politiet rykte ut og mekla mellom to partar etter melding om bråk på Søre Neset.

Bråk på Søre Neset og lusking i Varåsen

Natt til søndag sist helg skal ein person ha ringt på døra ved ein bustad fleire gonger.

— Vedkomande sprang frå staden då han blei oppdaga, skriv politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.

Meldinga kom inn til politiet natt til søndag. Det skal ha vore éin person som då hadde luska kring ein bustad i Varåsen og ringd på “svært mange gonger”.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mekling på Søre Neset

Natt til laurdag kom det inn melding til politiet om bråk på ei adresse på Søre Neset.

— Det var bråk mellom to personar. Etter litt mekling ordna det seg og dei klarte seg sjølv vidare gjennom natta, skriv Birkeland.

Stoppa mopedist

Ein mopedist blei stoppa av politiet for kontroll på Hatvikvegen natt til søndag.

— Eigar av mopeden fekk pålegg om å utbetra enkelte tekniske manglar, som til dømes spegel, skriv Birkeland.