Brann i sikringsskap: Natt til onsdag rykte brannvesenet ut til ein automatisk brannalarm frå eit vaktselskap. Det viste seg å vera brann i eit sikringsskap.

Brann i sikringsskap. Bebuarane vart evakuerte

Klokka 02.58 natt til onsdag fekk naudetatane melding om brann i eit sikringsskap i ein tomannsbustad i Hagavik.

– Begge inngangane vart evakuerte. Det vart ikkje observert flammar og eld i huset, men det var ein god del røyk, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Brannvesenet var på staden og fekk kontroll på situasjonen. BKK vart også varsla.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lyssand seier at det er oppretta ei sak i samband med brannen, og at hendinga vil bli etterforska og at vitne skal avhøyrast.

– Ei mogleg årsak er at det vart jobba med å installera uttak til elbil på staden, men desse tinga vil bli etterforska, understrekar politioverbetjenten.