Os brannvesen stilte med marknadsdagane-banner.
Os brannvesen stilte med marknadsdagane-banner.

Brannvesenet fekk marknadsbanneret til topps

Mange stoppa opp då brannvesenets høgdereiskap manøvrerte gjennom sentrumsgatene i dag. - Det er fint å kunna stilla opp for noko positivt som å skapa aktivitet i sentrum, seier brannkonstabel Kjersti Mellingen.

Os Sentrum hadde onsdag hyrt inn brannvesenet til å heisa opp banneret for Marknadsdagane. Det er ikkje dei tradisjonelle marknadsdagane (som finn stad i slutten av juni) det er snakk om, men ein ny marknad i samband med Osfest.

- Det viste seg å vera litt meir krøkkete enn først tenkt, sa brannkonstabel Magnus Askvik etter at banneret var på plass. Det eine banneret var litt øydelagt, og festene hengte litt på skrå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kollega Kjersti Mellingen la til at det er fint å kunna stilla opp på vegner av Osfest og Os sentrum, og for å få meir positiv aktivitet her.

Viktig erfaring

Brannvesenets høgdereiskap til 5,6 mill. kroner kan nå 32 meter opp i vêret. Mellingen legg til at det gjev brannvesenet viktig erfaring med å bruka høgdereiskapen i sentrumsgatene.

- Den dagen me treng å rykka ut til ei hending eller ulukke i sentrum er det viktig å ha fått kunnskap om kvar ein best plasserer seg, og korleis ein skal manøvrera innimellom bygningane, seier brannkonstabelen.

Kjersti Mellingen måtte inn i rådhuset for å få festa banneret skikkeleg.
Kjersti Mellingen måtte inn i rådhuset for å få festa banneret skikkeleg.