Det har vore mykje folk på bryggeanlegget til Os Sjøfront dei siste dagane. Bebuarane skjøner at folk vil bada der, men oppmodar dei badeglade til å dempa seg og ikkje leggja frå seg søppel.
Det har vore mykje folk på bryggeanlegget til Os Sjøfront dei siste dagane. Bebuarane skjøner at folk vil bada der, men oppmodar dei badeglade til å dempa seg og ikkje leggja frå seg søppel.

– Bruk gjerne brygga, men vis omsyn

Slik lyder meldinga frå Sameiet Sjøfronten Os etter storinnrykk i dei siste dagers tropevarme.

Dei er ikkje åleine om å kjenna på det ved Os Sjøfront. Storinnrykk av høgrøysta ungdom og badeglade menneske er også til sjenanse for folk i Bergen. På Verftet må bebuarar ved kaianlegget tola støyen frå fleire tusen badegjester kvar dag. Denne veka klaga også dei sin naud til bergenspressa.

Men til liks med i Bergen, så er kaianlegget ved Os Sjøfront offentleg. OBOS, som bygde leiligheitskompleksa bygde også kaien, ein kai som dei sidan forærte Os kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje surmaga

Leiar i Sameiet Sjøfronten Os, Per Eide-Olsen, har forståing for at folk vil bada frå kaien og ønskjer ikkje å bli oppfatta som surmaga, men kjem med eit ønske om å at badarane viser litt omsyn til bebuarane.

– Det er til tider svært mykje bråk, og ein del av bebuarane våre reagerer på det. I tillegg er det dessverre mange ungdomar og andre som legg igjen søppel og rot, som våre bebuarar ser seg nøydde til å rydda opp. Det er ikkje greitt, seier Eide-Olsen.

Han legg til at dei er i dialog med kommunen om å få opp eit par boss-spann på kaien.

– Det er det ikkje per dags dato, og det bør det vera på slike plassar, seier han.

Litt unntaksstilstand

Sameiet Sjøfronten Os har også forståing for at det er litt unntakstilstand i bygda i desse tropedagane.

– Me kjem ikkje med peikefingar. Me ønskjer berre litt forståing for at det vert litt mykje støy til tider, seier Eide-Olsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no