Niklas, Vilde, Olai, Casper, Tuva og Fredrik. Sofie var også med, men ho er ikkje med på biletet.
Niklas, Vilde, Olai, Casper, Tuva og Fredrik. Sofie var også med, men ho er ikkje med på biletet.

Brukte feriedag til å rydda boss i Moldafjæro

Sju born ville leika i Moldafjæro, men der var det så mykje boss at dei fann ut at dei måtte rydda først.

– Vi liker å vera ute, og gjekk til Moldafjæro for at borna skulle få leika, seier Siv Brandt og legg til:

– Men der var det så mykje boss. Det var ungane sjølv som fann ut at dei måtte rydda, for det gjekk ikkje an å leika når det var slik. Vi snakka også om kva fuglane et og at dei blir sjuke om dei får i seg plast og slikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk grillmat etter ryddeøkta

Siv hadde med seg sine born: Casper, Vilde og Tuva Brandt. Dei andre som tok del i ryddinga, var Nikas og Fredrik Tjore, Olai Kobbeltvedt og Sofie Natås Noel.

Borna fylde ein heil bossekk, men om dei hadde hatt med seg fleire sekkar, kunne dei fylt minst to til, fortel Siv.

– Grunnen til at vi hadde med ein bossekk, var at vi frakta ved med han, seier ho og legg til:

– Borna syntest at det var knallkjekt. Etter at dei hadde rydda, leika dei, før vi grilla pølser og marshmallows. Posen står framleis i Moldafjæro, men den skal vi henta med bil seinare.