Sjefen sjølv, Linda Andersen, i førarsetet i den nye restaurantbussen.
Sjefen sjølv, Linda Andersen, i førarsetet i den nye restaurantbussen.

Bussen opna på Er-An

I dag opnar Er-Ans nye restaurant-tilbygg på Søfteland: Ein amerikansk 2003-modell skulebuss frå Montgomery, Alabama.

- Etter langt meir enn 20 telefonar måtte vi berre skru av, ler eigar Linda Andersen. For rykta om opninga av den amerikanske skulebussen, fekk kundane til å gå amok. Alle ville sikra seg bord på opningsdagen som er i dag.

- Men i dag er det fyrstemann til mølla. Her er inga bordbestilling på opningsdagen, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Faste gjestar

Nokon som har funne seg godt til rette i bussen, som er innreia med mjuke, raude skaiseter på Er-An-vis, er to familiar frå Bergen.

- Dette er mykje gøyare enn å ta vanleg skulebuss, hoiar tvillingane Emilie og Oscar Trasti Soltvedt.

Gjengen har vore på tur til Raudlio i snøføyka og har sanneleg fortent litt middagskos.

I halvfem-tida natt til fredag var buss-tilbygget tett. Enno står det litt småplukk att.
I halvfem-tida natt til fredag var buss-tilbygget tett. Enno står det litt småplukk att.
Emilie Trasti Soltvedt (f.v.), Brinner Nina, Kristoffer Lerpold, Oscar Trasti Soltvedt, Fredrik Lerpold, Åshild Lothe og Anita Trasti Soltvedt.
Emilie Trasti Soltvedt (f.v.), Brinner Nina, Kristoffer Lerpold, Oscar Trasti Soltvedt, Fredrik Lerpold, Åshild Lothe og Anita Trasti Soltvedt.
Inngangen til bussen er i sjølve restauranten.
Inngangen til bussen er i sjølve restauranten.
Klassisk diner stil a la Er-An.
Klassisk diner stil a la Er-An.
Sjåfør Truls 'Skurken" Marceliussen og eigar Linda Andersen.
Sjåfør Truls 'Skurken" Marceliussen og eigar Linda Andersen.

- Vi kjem her med jamne mellomrom, så du kan sikkert kalla oss faste gjestar, seier mor Anita Trasti Soltvedt.

Pimpa i Hegglandsdalen

Arbeidet med å få på plass bussen, har pågått natt og dag dei siste vekene. Fyrst kom han over Atlanteren med skip før han vart køyrd til Hegglandsdalen der Heggland Heiltre har stått for pimpinga, medan Os Am Car har brukt mange dugnadstimar på å få bussen på plass. Sjåfør Truls Marceliussen synest det er litt synd at han no vert ståande på stas på Søfteland.

- Han var skikkeleg god å køyra, så eg håpar Linda får tak i fleire bussar.

Noko Linda sjølvsagt for lengst har tenkt på. Ho vil nemleg henta fleire bussar som skal vera ambulerande restaurantar på festivalar og liknande.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi innreier bussane med bord og seter og har i tillegg ei vogn med restaurantkjøken. Dermed kan vi servera Er-An mat rundt om kring i landet.

- Det må ha kosta ein del å henta bussen hit?

- Jaudå, det kosta nokre dollar, blunkar ho, utan å villa ut med nokon sum.

- Eg må sjå litt kva eg tener på desse bussane, men eg satsar på å kjøpa fleire, seier ho.

Fest og moro

Det er berre nokre få år sidan Er-An utvida frå fem til 33 bord, men den kapasiteten er for lengst sprengt. Staben har auka frå fem til 30, og no planlegg Linda eit nytt påbygg i retning Bergen.

Ved hjelp av eige kostymelager frå mange år i barne- og ungdomsteater, vil ho også utvida tilbodet til både små og store. Bussen skal nemleg skreddaryast til eige bursdags- og festlokale.

- Bursdagsbarnet skal få kle seg ut og sminke seg og få sin eigen stol. Damer kan ha klubbkveld og karane ølklubb. Eller kva med filmkveld, føreslår ho.

- Du har mildt sagt uortodokse idear. Finst det dei som synest du er litt sprø?

Artikkelen held fram under annonsen.

-Litt? Ha-ha, eg får høyra at eg er heilt gal. Men då blir eg berre endå meir oppsatt på å gjennomføra det. Mannen min har for lengst lært at han berre må jatta med, ler ho.