I gang kl 12: Bussane tek til å køyra att kl 12 torsdag.

Busstreiken er over

Partane kom til semje torsdag morgon.

Dei første bussane var i gang att frå kl 12 torsdag, med ein del driftsforstyrrelsar utover den fyrste dagen.

Forhandlingsresultatet skal no ut på uravstemmning til medlemene i dei fire involverte organisasjonane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har meir enn dobla det opphavlege tilbodet frå arbeidsgjevar. Det vert gjeve eit generelt tillegg på til saman 5,50 kroner og 1 krone som fagbrevtillegg i 2020, uttalar forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Jim Klungnes.

– Det ligg også inne garanti på 2,50 kroner i tillegg til det sentrale tillegget for oppgjeret 2021 som vil sikra ei ytterlegare innhenting for bussjåførane, uttalar forbundsleiar i Fellesforbundet, Jørn Eggum.

- Vi har vist arbeidsgjevarsida at vi meiner alvor og er villige til å setja makt bak krava. Den viljen er så absolutt til stades også i 2022, og vi ser fram til eit konstruktivt samarbeid for å bringa bussjåførane vidare på den kursen som no er staka ut. I tillegg har vi sikra at det skal jobbast videre med arbeidstidsordningar og tryggleikstiltak i dette viktige yrket gjennom eit partssamansett arbeid, sier forbundsleiar i Norsk Jernbaneforbund, Jane Brekkhus Sæthre.