Oppsetting av viltgjerde i Endelausmarka kom i gang før jul. Arbeidet held fram etter ein pause i vinter.
Oppsetting av viltgjerde i Endelausmarka kom i gang før jul. Arbeidet held fram etter ein pause i vinter.

Byggjer gjerde mellom hjorten og ny E39

Bygginga av eit 2,5 km langt viltgjerde langs den framtidige E39 er godt i gang.

Gjerdet går langs E39 og fv. 163 gjennom Endelausmarka.

- Viltgjerdet inngår i prosjektet E39 Svegatjørn-Rådal. Oppdraget blir utført av underentreprenør ØstCom AS som held til i Kongsvinger, opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen, Geir Brekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det 2460 meter lange gjerdet får ei høgde på 2,45 meter. Det blir 2,75 meter mellom gjerdestolpane der dei går i rett line gjennom terrenget.

Viltgjerde skal hindre at hjorten kjem inn på E39 og fv. 163.

- Påkøyring av hjort er eit vanleg problem på mange vegstrekningar. Seinast dei siste vekene har det vore påkøyrsler i både Kvinnherad og Åsane, påpeikar Brekke og held fram:

- Dessutan er det ei høg skjering på det som skal bli den nye fv. 163 på tvers av Endelausmarka. Gjerdet skal hindre dyra i å gå utfor skjeringskanten.

Han legg til at det er svært mykje hjort i Endelausmarka. Dette i følgje lokalpolitikar og hjortejegar Gustav Bahus.